Satsar på solenergi i Årdal, her monterer dei eitt av sine to første anlegg.

– Me har stor tru på dette, seier styreleiaren.
AV: HALVOR F. STORVIK | PUBLISERT: 26. SEP 2020 – 17:03

Årdal: Det nystarta selskapet Solisi i Årdal har denne veka montert sine to første solcelleanlegg, eitt i Storevegen i Øvre Årdal og eitt på taket til Årdal Energi Nett.

Arbeidet skjer i samarbeid med BlueTec i Tønsberg, Elektromontasje Årdal, Årdal Blikkenslagerservice og Byggmester Rune Vikøren.

– Dette er ein pilot me køyrer no for å koma i gang med leveransar av solenergi til næring og privatbustader i Sogn, seier styreleiar Bjørn Hunshammer i Solisi.

Attraktiv pakke
Monteringa vart avslutta torsdag, fredag vart brytaren til anlegga skrudd på.

– Me gjer dette for å sanka erfaring på ulike variantar av teknologi, og sjå korleis det fungerer i praksis. Dette er berre starten, seier Hunshammer.

I 2019 var det knappe 8000 einebustader med solcellepanel i Norge, ifølgje Statistisk sentralbyrå, så solenergi er framleis berre ei nisje hos den vanlege straumforbrukaren. Auken var likevel nær ei dobling frå året før, altså har ting byrja å røra seg på solfronten óg her til lands.

Solisi vil difor legga stor innsats i marknadsføring for å overtyda sogningane om å bidra til ei grønare framtid ved å produsera sin eigen straum.

– Du tener deg ikkje rik på å montera solcellepanel. Det er heile pakka som vil gjera dette attraktivt, seier Hunshammer.

Grøn vind
Samstundes understrekar han at solcelleteknologien er i stadig utvikling, noko som gjer at prisen går nedover, og e!ektiviteten opp.

I tillegg har du gulrota staten vi»ar med for få folk til å investera i solenergi. Privatpersonar kan i dag få inntil 28 750 kroner i støtte om dei installerer solcellepanel på taket. I takt med at fristane for å nå vedtekne klimamål rykkar nærare, er det ikkje usannsynleg at styresmaktene vil legga fleire gulrøter på bordet for at det skal løna seg å ta grøne val.

På den måten kan lommeboka óg bli ein motivasjon for både folk og verksemder, etter kvart.

– Me gler oss, er veldig engasjerte og har stor tru på dette, seier Hunshammer.